Møt Sølvi Dimmen i Sommarpraten:

– For vår familie har Danacup siste veka i juli vore eit fast innslag i ferien gjennom mange år

Nyheiter

Korleis startar dagen din?

Eg synest ofte det er brutalt å forlate den varme dyna. Den er på forunderleg vis mykje meir fristande om morgonen enn om kvelden så det blir gjerne eit par slumr på klokka før eg hiv meg ut i dagen! Eg må ha litt tid før frukosten freistar, så det vert gjerne eit formiddagsmåltid i staden for frukost. Men nyhende vil eg gjerne ha med meg og i helgane blir det sein frukost med kaffi og avis.