Molte (Rubus chamaemorus) betyr «mjukt bær» og veks på næringsfattig torv- og mosemyr og i fuktig kratt. Planten er vanleg i heile landet, spesielt på fjellet og i Nord-Noreg og på myr i låglandet. Moltene kan vere å finne heilt opp til 1.500–1.600 meter over havet. Foto frå boka: Arne Nohr Foto: Arne Nohr

Ei kjærleikserklæring til gullet på myra

Ei segn seier at viss det er stjerneklart på julekvelden, og du kan sjå mange av stjernene – ja, då kan du vente deg ein fin moltesesong året etter. Så korleis blir denne sommaren skal tru?