Hurra - vi får bringebær!

Så dermed gjeld 10 cm-regelen…

Bringebær er gode greier. Så då får det vere det same med heile koronaen.

Bringebær-oppløp i Volda sentrum seint torsdag ettermiddag.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Torsdag ettermiddag klokka 18.00 kom ein tilreisande bringebærseljar og parkerte bærbilen sin på gamle haldeplassen i Volda - mellom Haavik-butikken og Cubus. Heilt klart førehands-annonsert, for volingar og nokre tilreisande stimla saman på plassen i god tid før bærseljaren hadde fått rigga seg til.

Tett som sild i tønne, ikkje minst då den etterlengta bærseljaren melde sin ankomst - då var det berre ein ting som galdt - først til mølla osv. Vaksne, respektable borgarar stimla saman i bringebær-eufori.

At gledesdreparar i Folkehelseinstituttet forlengst har varsla at dei ser konturane av ei akt to av pandemien, og reiseglade kjem att - meir eller mindre friske - frå både grøne og raude land for tida, var ikkje så nøye.

For her var det bringebær, og ingenting anna, det handla om.

- Dette er eit typisk døme på korleis folk ikkje bør oppføre seg. Akkurat no er det ekstra viktig at folk følgjer smittevernråda, seier Bent Ingebrigtsen, smittevernlege og fungerande kommuneoverlege i Volda.  Foto: Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten.

- Slik skal ein ikkje oppføre seg

Smittevernlege og fungerande kommuneoverlege i Volda, Bent Ingebrigtsen, har svært liten sans for oppløp av denne sorten.

-Dette er eit typisk døme på korleis folk ikkje bør oppføre seg no. For akkurat no er det ekstra viktig at folk følgjer smittevernråda med ein meters avstand. Folk kjem tilbake frå ferie, og vi veit ikkje kor mykje smitte det kan vere i lokalsamfunnet, seier Ingebrigtsen.

Alle burde ha vore registrerte

Som understrekar at også seljaren har eit stort ansvar.

-Her har det vel vore annonsert med billege bringebær, og når ein berre køyrer inn på plassen og byrjar salet, kan slikt som dette skje. Eg ser på dette som eit arrangement, og då har seljaren eit ansvar for at avstandsreglane vert følgde. Ja, faktisk er regelverket så strengt at namna på alle som møtte fram skulle ha vore registrert. For tenk no om ein av bringebærkjøparane viser seg å vere smitta. Korleis skal vi då få oversikta i etterkant?

Ingebrigtsen viser til at andre på ein førebiletleg måte har gjennomført «gatehandel», eller kva ein no skal kalle det.

-Idrettslag har leigd propellhallen og selt artiklar der for å tene pengar. Med god avstand. Andre har gjennomført førehandssal, der folk først registrerer seg digitalt, og så vert varene leverte. Det er mange måtar å løyse dette på.

Utan kontroll om folk ikkje bryr seg

Ingebrigtsen understrekar på det sterkaste at epidemien ikkje er over, og at vi no mot slutten av ferietida – og studiestart – er i ein ekstra sårbar situasjon.

-Det er ikkje «fredstid» enno, for å uttrykkje meg slik. Smittevernråda må følgjast strengt. Og vi har alle eit ansvar, sidan ingen av oss kan garantere hundre prosent at vi ikkje er berarar av viruset. Men om folk ikkje bryr seg, har heller ikkje smittevernreglane nokon effekt.