Tussa tenar lite på straumsalet for tida

Ein tidel av i fjor sommar

I sommar sel Tussa straum til ein tidel av prisen sommaren 2019. Det er bra for kundane, men dårleg for Tussa og eigarane.

Rekord: Tussa får no eit par øre per kilowatt-time. I fjor sommar var prisen over tjue øre, og sommaren 2018 det doble av det igjen. Foto: Sunnmørsposten. 

Nyheiter

– Andre gonger når straumprisen har vore svært låg, har det vore eit blaff. No har det vart i fire – fem månader, og ingenting tyder på prisauke i august. September og hausten er meir usikker, seier Tor Havåg, som er avdelingsleiar for krafthandel i Tussa Energi AS.