Skal kartlegge skredfare i Volda og Ørsta

Jakta: Skredfaren på Jakta skal kartleggast.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Norges geologiske undersøkingar (NGU) skal i gang med kartlegging av skredfare ulike stadar i Noreg i august. 23. til 28. august skal det gjennomførast undersøkingar i Møre og Romsdal og Vestlandet. I samband med undersøkingane vil det vere ein del helikoptertrafikk og droneflyging.

– På oppdrag frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) utfører NGU-forskarar kartlegging av store fjellskred og ustabile fjellparti i Norge. NVE har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av skredulykker, opplyser NGU.

I Ørsta skal skredfaren ved fjellet Jakta undersøkast, og i Volda er Skylefjellet peika ut. Hoggrenningsnibba og Rustøyane i Stryn, Grøthornet på Hareid, Gråfonnfjellet i Rauma skal og undersøkast i fylket.

– Kartlegginga av ustabile fjellparti og store fjellskred går føre seg primært i høgtliggande fjellområde, og inkluderer geologisk feltundersøking og mogleg periodiske bevegelsesmålingar med GPS og andre teknikkar. Det blir i den forbindelse nytta helikopter til frakting av utstyr og personell. Det presiserast at NGU vil avgrense både helikopter- og droneflyginga mest mogleg, og at arbeidet blir utført så skånsamt som mogleg. Det er mogleg det blir gjort landingar i eit eller fleire av dei antatt ustabile fjellpartia, skriv NGU.