Dalsfjorden rundt - ein kortreist langtur

Fjella i Dalsfjorden har kanskje ikkje same statusen som tindane i Hjørundfjorden, men byr likevel på flotte opplevingar. Gunnar Wangen har tatt turen fjorden rundt.

Morgonstemning: «Bildet er teke frå ryggen nord for Kvassehornet, der eg hadde teltplass første natta. Det er tidleg morgon med utsikt ned mot Kilspollen, Straumshamn og Botnavika.» 

Nyheiter

For nokre år sidan gjekk eg Hjørundfjorden rundt. No hadde ideen om å gå Dalsfjorden rundt festa seg i bakhovudet. Siste veka i juni var det varsla nokre dagar med bra vêr, men luka var ikkje så stor. Etter ein regnversperiode skulle det verte lettare frå mandag 25. juni, men allereie torsdagen trua dei med kraftig regn igjen. Eg la ein omtrentleg plan for turen, og pakka telt og utstyret som trengtest.