Byrjar neste veke

Ventar mange til Naturfestivalen i år

Denne utsikta kan nytast på ruta Kvistadsætra-Skår.   Foto: Martin Hauge-Nilsen, Naturfestivalen

Nyheiter

Dei fleste ferierer i eige land i år, og i spørjeundersøkingar har mange fortalt at dei vil nytte sommaren til å bli betre kjent med sin eigen region. Dermed håper Naturfestivalen på godt besøk.

– Faktisk er det vel slik at vi treng Naturfestivalen særleg mykje denne sommaren, skriv Naturfestivalen i ei pressemelding.

Annleisåret

Det blir ein annleis festival, ikkje overraskande.

Tur til den veglause bygda Skår er eitt av tilboda.  Foto: Svein Aam

– Vi fokuserer på dei små arrangementa, og her ventar mange fine opplevingar. Bli med på spennande turar med Fjellføreren, besøk på veglause Skår, opplev farmannsleia med MS "Hindholmen", gå på bokstavjakt i Aasen-tunet eller bli med til Rønneberghola, lokkar Naturfestivalen.

Rjåneskamben  Foto: Runa Bakke

Mange og små arrangement

I Bakketunet er temaet nostalgi, på Sæbø vert det fotovandring og på Vartdal kan ein vitje musea på dampskipskaia. Det vert familiedag på Raudøya og pilegrimsvandring til krossen på Kile.

Ny og spennande app

Alt frå no og gjennom heile festivalen kan du jakte på postar i fjellet.

– Ta i bruk det nye tur- og orienterteringskartet MapAnt som er fritt tilgjengeleg på nettstaden MapAnt.no. Sindre Langaas har med hjelp av appen Usynlig, laga eit spennande trim- og turorienteringsopplegg for Naturfestivalen, står det i pressemeldinga frå festivalen.