– Vi vonar at skilta skal minne både innbyggjarar og besøkande på å følgje smittevernreglane

Uteseksjonen i Ørsta kommune har ordna skilt som skal minne om smittevernet.  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

Uteseksjonen er i full gang med å henge opp plakatar og skilt rundt om kring i heile Ørsta kommune for å minne om smittevernreglane, melder kommunen på heimesidene sine.

Skilta inneheld dei nasjonalt kjende symbola til Helsedirektoratet og er utforma i tråd med Ørsta sin profil. Dei blir plasserte ut på stadar der det normalt er mykje folk som oppheld seg, i både sentrum og utkantar.

– I sommar ventar vi mange norske turistar, i tillegg vel kanskje fleire enn før å feriere i eige nærområde. Vi vonar at skilta skal minne både innbyggjarar og besøkande på å følgje smittevernreglane, skriv kommunen.