Må punge ut kommunale kroner for felles legevaktlokale

Rekordhøg leigepris i Ørsta-Volda

Kommunane har bunde seg i femten år til leigekontrakta, og må i kontraktsperioden ut med vel ni millionar 2020-kroner. For eit lokale på 258 kvadratmeter i dette huset ovanfor flyplassen.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Den felles legevakttenesta for Volda og Ørsta skal samlokaliserast med ambulansetenesta og politiet ovanfor flyplassen i Hovdebygda. Leigeprisen per kvadratmeter ligg mellom 750 og 1000 kroner høgare per kvadratmeter enn normalen for dei mest attraktive næringslokala i Ørsta og Volda sentrum.