- Det er viktig å våge

Ingrid (25) blir rektor

- Kanskje nokon spør korleis ein 25-åring kan bli rektor. Eg meiner det er viktig å våge, og har vore bevisst på å ta dei moglegheitene som dukkar opp.

Ingrid Nerås Krogsæter (25) har takka ja til å bli ny rektor ved Sæbø skule..  Foto: Oddhild Harman

Nyheiter

Ingrid Nerås Krogsæter (25) er utdanna lærar, men har også ti år bak seg i politikken, og sju år i militæret, seks av dei i innsatsstyrken i HV-11. Ho er sambuar og mor, og har nyleg blitt tilsett som rektor ved Sæbø skule.