Har fjerna farleg kryss og sikra skulevegen

I fjor starta arbeidet med omlegging av Indre- hovdevegen. No er prosjektet, som har vore regulert sidan tidleg på 90-talet, straks ferdigstilt.

Ny veg: I Hovdebygda er prosjektet med ny sambindingsveg i Indrehovdevegen straks ferdigstilt. - Fjerning av farleg kryss og tryggare skuleveg har vore målet, seier Dag Jarle Aa ( t.v.) og Ulf Rognstad frå Ørsta kommune 

Nyheiter

Det farlege krysset ved innkøyringa på Ytrehovdevegen har blitt flytta kring 200 meter vestover. Ein knappe 300 meter lang ny sambindingsveg har blitt bygt gjennom eit etablert bustadområde i Indrehovden. I samband med vegbygginga har det og blitt laga fortau. Dette har blitt vidareført til Hovdebygda barnehage og Hovden skulen.