Støtte til Statens Hus i Volda

Stad kommune har blitt pilotkommune for Statens Hus. Skal nabokommunen Volda også bli det?

Volda sentrum  Foto: ERLEND SPORSTØL VIKESTRAND, VOLDA KOMMUNE.

Nyheiter

Ei samrøystes Fylkesutval i Møre og Romsdal støttar Volda kommune sitt kandidatur til å bli ein «Statens hus»-pilot.



Statens hus-tiltaket skal sikre statlege arbeidsplassar i distrikta. Eitt av måla er å samle dei mindre avdelingane av statlege etatar innanfor same bu- og arbeidsmarknadsregion. Kanskje til og med under same tak. På den måten håpar regjeringa det skal bli lettare å behalde og rekruttere offentlege kompetansearbeidsplassar.

Fylkesutvalet støttar

– Vi er kjent med at Volda kommune har fremja sitt kandidatur til å bli ein av tre «Statens hus»-pilotar, der dei har utarbeidd to ulike konsept for samling og styrking av eksisterande fagmiljø i kommunen; eit innan arbeid med barn, unge og familiar, og eit innan det språkfaglege nynorskmiljøet. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at Volda har utarbeidd eit grundig grunnlag for å bli vurdert som eigna stad for ein «Statens hus»-pilot, og ønsker med dette å signalisere si støtte til Volda kommune sitt kandidatur, skriv Fylkesutvalet i ei fråsegn.

Eid vart nyleg plukka ut som den første pilotkommunen for Statens Hus. Spørsmålet er då om den kan svekkje kandidaturet til Volda.

– Møre og Romsdal fylkeskommune registrerer at Stad kommune i Vestland fylke har fått status som Statens hus-pilot, med eit konsept som er annleis frå Volda sitt. Vi håper det er rom for to ulike pilotar i to ulike fylke, sjølv om dei to kommunane grenser til kvarandre, uttalar Fylkesutvalet.

Spente i Volda

Kommunedirektøren i Volda meiner det ikkje svekkjer Volda sitt kandidatur at Stad ( tidlegare Eid og Selje) vert pilotkommune. Tvert om.

-Staten skal bruke pilotane til å teste ut ordninga, og det vil styrke Volda sitt kandidatur å få to Statens hus i grenselandet til to fylke. Denne nærleiken og med to ulike konsept, kan gi verdifull erfaring om korleis ein kan få til synergiar for regionen på tvers av fylkesgrensene,, seier kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda.

Det er ikkje gitt retningsliner frå Kommunaldepartementet om kva eit Statens hus skal vere.

- Dette vert opp til kandidatane å kome opp med. Regjeringa la tysdag fram ei Stortingsmelding om innovasjon i offentleg sektor. Det er klare forventingar til at kommunesektoren og statleg sektor skal finne nye løysingar og drive nyskaping. Volda sitt konsept til Statens hus er absolutt i tråd med denne intensjonen. Vert Volda ein av desse pilotane så vil vi få til grensesprengjande utvikling på tenestesamarbeid overfor barn og unge og innan det språkfaglege utviklingsmiljøet, seier Sjurgard.