Skal utvide Volda vgs

Volda vidaregåande skule skal utvide.  Foto: Arkivfoto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Fylkesutvalet gir grønt lys for eit påbygg til Volda vidaregåande skule. Bygget skal huse ein base for tilpassa opplæring (TPO.)

Den såkalla TPO-basen får eit bruttoareal på 420 kvadratmeter, og skal koste 17 millionar kroner.

Det er enno ikkje tatt stilling til om det blir eit nybygg, eller om det vert ein kombinasjon av nybygg og ombygging av eksisterande bygg, på austsida av skulen.

– Det vert lagt fram strategiplan for prosjektet i august 2020. Det kan påreknast at innflytting kan skje i løpet av skuleåret 2021/22, står det i sakspapira.