33 vart testa førre veke

Testing av korona utanfor legesenteret i Ørsta.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder 2. juni at det vart teke 33 koronaprøver i førre veke.

- Alle prøvene var negative, melder dei.

Totalt er 402 personar testa for korona i Ørsta sidan mars. Seks personar har fått påvist smitte, men det er over to månader sidan sist positive prøve.