Nye planar for utviding av Hotel Union Øye

– Dette har vi drøymt om i mange år

Utviding: Eit nytt klyngetun skal auke kapasiteten frå 27 til 50 rom ved Hotel Union Øye. Løda skal vere eit forsamlingslokale og driftsbygg for hotellet, og glashuset/orangeriet skal vere festlokale for 100-120 gjester.  Foto: Skisse

Nyheiter

– Ingenting er kjekkare enn å drage fram planar frå arkivet og få dei på teiknebordet på nytt. Behovet for større romkapasitet på Hotel Union Øye er ekstremt til stades. Det ser vi no etter at vi opna att etter å ha vore stengt grunna korona. Vi er allereie fullbooka i heile juli, fortel hotelldirektør Mariann Øye.