"For å unngå forhøyr provoserte eg tyskarane til å skyte meg"

I spalta snikk-snakk fortel Skjalg Longva om dramaet i "Rønneberghola" for 75 år sidan, der Erling Rønneberg vart skoten.

Den 6. mai 1995 møtte Erling Rønneberg pårørande til hjelpesmennene på Vartdal. F.V: Ingjerd Kleiva, Jarle Flåskjær, Kjell Flåskjær Leidulf Flåskjær , Ludvik Flåskjær og Erling Rønneberg.  Foto: Møre-Nytt

Nyheiter

– For å unngå forhøyr provoserte eg tyskarane til å skyte meg, fortalde Erling Rønneberg (1923-2008). Storebroren Joachim er den store helten i soga om andre verdskrigen, men den største dramatikken var det Erling som opplevde. Og det skjedde her hos oss, i fjellsida ovanfor Rjåneset. Agentane frå Secret Intelligence Service (SIS) vart overrumpla av tyske soldatar oppe på ei fjellhylle. Med bakbundne hender kasta Erling seg mot stupet. Kuler frå ein tysk maskinpistol stoppa han før han nådde fram.