344 ørstingar er testa for korona

Totalt 344 ørstingar har vorte koronatesta sidan mars.

Testing av korona utanfor legesenteret i Ørsta.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Førre veke vart det teke totalt 54 prøver, der alle kom tilbake negative.

Denne veka er 34 testa.

Måndag vart 19 personar testa, og alle prøvene kom tilbake negative.

Tysdag vart det teke ni prøver, og onsdag vart seks nye personar testa.

Kommunen ventar framleis på svar på desse prøvene, opplyser dei.

Totalt er det seks personar som har testa positivt på korona i Ørsta sidan testinga starta i mars.