Mykje fonnskog på sjøen

Sjå opp for fonnskog på sjøen. Dei siste dagane har det gått ei rekkje fonner ned i fjordsystemet.

Onsdag var det mykje fonnskog på sjøen.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Onsdag var det svært mange tre som låg drivande i Hjørundfjorden, noko som båtførarar må vere merksame på.

Dei siste dagane har det losna i fleire fjellsider, og snøskreda har gått langt ut på fjorden.

Ferja "Eid" på veg gjennom rekveden.  Foto: Rune Sæbønes


Båtførarar må også vere varsame på sjølve fonnfaren. Fonnene kan kome raskt, og båtar bør ikkje gå nær land.

Fonnskogen som no driv i fjordane har ulik storleik. Det kan vere små greiner, men også store trestammar.

Fonnskogen kan vere vanskeleg å sjå viss det er solskin.  Foto: Rune Sæbønes