Koronaundervisning i vårsola

- Godt å kjenne på gjødsellukt og fart

Nyheiter

Elevane ved Ørsta ungdomsskule har litt meir uteaktivitet på timeplanen no enn normalt. Onsdag vart 8D delt i to grupper og hadde delt undervisning. Den eine gruppa henta syklar frå sykkelstallen til skulen. Med refleksvest på overkroppen og hjelm på hovudet reiste gruppa med 8.-klassingar ut det fri onsdag. Med neste skyfri himmel og strålande vêr vart det eit kjekt aktivitetsavbrekk.