Kulturminne

Her låg spionleiren «Turid»

Krigsminne: Frå denne leirplassen, i ettertid kalla ”Rønneberghola” hadde Erling Rønneberg og Karsten Devold god oversikt over skipsleia i Vartdalsfjorden. 

Vekas kulturminne
  • Møre-Nytt presenterer kvar veke eitt av kulturminna i Ørsta.
  • Utgangspunktet er Kulturminneplanen til Ørsta kommune.
Nyheiter

Eit kulturminne frå krigen i dag. Og eit kulturminne som det krevst gode sko og litt motbakkerøynsle for å finne.

Rønneberghola ligg i bratt terreng oppom Rjåneset.

Her etablerte motstandsmennene Erling Rønneberg og Karsten Devold lyttestasjonen «Turid» våren 1945. Plasseringa var ideell for å observere skipstrafikken i leia gjennom Vartdalsfjorden.

Minneplate: Denne minneplata vart avduka i 1983  Foto: Svein Aam

Erling Rønneberg var bror til Joachim Rønneberg, og rømde til England, før han kom tilbake til Sunnmøre på oppdrag. Lokale motstandsfolk hjelpte dei to ålesundarane. Mellom dei Sverre Flåskjær, Knut Flåskjær og Jostein Kleiva.

Det oppstod ein dramatisk situasjon då lyttestasjonen vart avslørt natt til 20. april 1945. Devold og Rønneberg vart overmanna av tyske soldatar. Rønneberg vart skadd under aksjonen. Ved Rønneberghola er det eit skilt som fortel om hendingane.