Var i kontakt med koronasmitta i Volda

To legar og tretten frå helsetenesta i karantene

Tretten tilsette i Volda kommune er sett i heimekarantene etter kontakt med ein koronasmitta. To legar frå Ørsta er også i karantene. Legane er tilknytt den felles legevakttenesta.  Foto: Svein Aam/Arkiv

Nyheiter

Måndag ettermiddag kom prøvesvara som avdekka eit nytt smittetilfelle av Covid-19-viruset i Volda. Den smitta har vore innlagd ved Volda sjukehus to gonger. Sjukehuset har stadfesta at tjue tilsette no er sett i heimekarantene.


Var i kontakt med koronasmitta pasient:

Tjue sjukehustilsette i karantene


Volda kommune opplyste på ein pressekonferanse tysdag at tretten tilsette i helsetenesta er sett i heimekarantene. To legar frå Ørsta, som tilknytt den felles legevakttenesta, er og i heimekarantene.

Kommunen opplyste at på noverande tidspunkt så veit dei ikkje kvar smitten kjem frå. Volda kommune arbeider med smittesporing.