Volda: Ingen fleire smitta

398 voldingar har hittil blitt korona-testa.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder måndag ettermiddag at dei 13 som vart testa måndag har fått prøvene sine tilbake negative. Det vil seie at dei ikkje er koronasmitta.

Hittil er det testa 398 personar i Volda, og ingen har testa positivt sidan 26. mars.

Teststasjonen stod tidlegare ved Volda ungdomsskule. No er test-teltet flytta til parkeringsplassen bak Hamna 20.

- Merk at ingen som er sjuke skal inn på butikkar eller inn i andre bygningar, skriv Volda kommune i ei pressemelding.