Volda: Ingen fleire korona-pasientar

Ingen fleire voldingar med påvist korona-smitte.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder onsdag ettermiddag at heller ikkje i dag har kome inn fleire positive korona-resultat.

Dermed er talet på voldingar som har fått påvist korona-smitte framleis fem. Alle desse er no friske.

Tysdag vart det testa tretten personar, og hittil har 368 voldingar blitt koronatesta. Ingen nye positive prøvesvar sidan 26.03.20.

Kommunen oppmodar om å ta kontakt med Volda legesenter på tlf 70 05 89 00 for å få koronatest dersom ein kjenner på symptom for luftvegsinfeksjon.