10 millionar i drahjelp for reiselivet

- Møre og Romsdal skal framleis ha opplevingar å selje når marknaden opnar igjen.

Hjørundfjorden.   Foto: Illustrasjon/Arkiv

Nyheiter

Det seier leiar av kultur, næring- og folkehelseutvalet i fylket, Marit Nerås Krogsæter i ei pressemelding.

Fylkestinget vedtok 21. april å sette av 10 millionar kroner til utviklingstiltak i reiselivsnæringa. No har kultur- næring og folkehelseutvalet bestemt korleis pengane skal brukast.

Offensiv marknadsføring i den norske marknaden

7 millionar kroner skal gå til å marknadsføre Møre og Romsdal som reisemål for norske turistar.

- Situasjonen for reiselivet er kritisk. Alle besøk frå utlandet er kansellert, noko som gjer det ekstra vanskeleg for kommunar som har ein stor andel tilsette i reiselivsnæringa. Men sidan mange nordmenn kjem til å droppe utanlandsferien i år, er dette også ein god moglegheit til å lokke flest mogleg til Møre og Romsdal for å sjå og oppleve alt det fantastiske som vi har å by på, seier Krogsæter.

Tilskotsordning

Dei resterande pengane på 3 millionar kroner skal gå til ei tilskotsordning som skal bidra til at reiselivsnæringa kjem styrka ut av dagens krise. Her vil det bli opna for at tiltak kan fullfinansierast.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet behandla saka i møte 5. mai.