Ørsta

Ingen av dei 12 som vart testa måndag er smitta

Det er over ein månad sidan den førre ørstingen fekk påvist korona-smitte.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder onsdag morgon at alle dei 12 prøvene som vart tekne måndag var negative. Dermed er det framleis seks som har fått påvist korona-smitte i Ørsta kommune, og alle desse er friskmelde. Det er over ein månad sidan den førre testa positivt.

Hittil har 220 personar blitt korona-testa i Ørsta. Tysdag vart det teke fem prøver, som ein ventar på svaret på.