Widerøe må halvere kapasiteten

- Færre plassar og dyrare billetar

Widerøe halverer kapasiteten i flya sine. Årsaka er styresmaktene sine nye smittereglar for fly.

Halvfulle fly: Widerøe reduserer kapasiteten med femti prosent grunna nye smittevernreglar for fly.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Dette vil også medføre prisauke, og einskilde avgangar kan verte kutta. Det er uvisst kva konsekvensane vert for Ørsta - Volda lufthamn, Hovden.

Det var onsdag at Widerøe starta eit omfattande arbeid med å redusere talet på salbare seter til 50 % på alle ruteflygingane.

– Det vil likevel ta noko tid før dette kan implementerast på alle flyavgangane våre. Vi vil fortløpande ta kontakt med passasjerar og tilby ombooking av billettar på dei avgangane som allereie har ein kabinfaktor på over 50 %, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Widerøe håper på den måten å få til frivillige løysingar for å kunne møte råda frå styresmaktene.

Det var tysdag regjeringa kom med reglane for smittevern om bord i fly. For dei store flytypane skal midtsetet vere ledig. For Dash-8-flya til Widerøe vil reglane medføre at berre eitt sete per seterad kan nyttast.

– Dette er eit svært omfattande arbeid for Widerøe. Vi ber om forståing for at det tek tid å kontakte alle passasjerane. Det vil vere passasjerar på flyavgangar dei neste dagane som ikkje har blitt kontakta på grunn av tidsnaud, heiter det frå selskapet.

Det vil bli mogleg å avstå frå å reise utan å ha gitt beskjed om dette på førehand. Desse passasjerane må ta kontakt med kundeservice for å få hjelp til ombooking.

Eit resultat av tilrådingane frå styresmaktene er at kapasiteten på flya til Widerøe vert redusert med 50 %.

– I praksis vil dette medføre at det blir færre billettar tilgjengeleg framover, og til høgare pris. Som konsekvens vil vi også måtte gjennomgå ruteplanen på nytt, og det er forventa at einskilde avgangar kan bli kutta.