Viss eigarane står fast på utbytekravet

– Tussa kan verte fusjonert

– Tussa vil overleve, men neppe i si noverande form dersom eigarane tappar selskapet for kapital.

Journalist og forfattar trur Tussa Kraft AS kan verte fusjonert om Ørsta og dei andre eigarane tappar selskapet for pengar.  Foto: Knut Hustad

Nyheiter

Det seier Jon Hustad. Han er journalist i Dag & Tid, og held no på med boka om utbygginga av Tussa-kraftverket på Bjørke. Han har skrive om kraftpolitikk i over tjue år, gjeve ut fire bøker om offentleg økonomi, og som skribent i Weekendavisen er energipolitikk ofte tema.