Specsavers

Tilbake til normal opningstid

Etter lange veker med redusert tilbod held Specsavers i Ørsta ope att, også for synsundersøkingar.

Astrid S. Aambø og Åshild Engeset Finne ved Specsavers i Ørsta  Foto: Svein Aam

Nyheiter

– Forhåpentlegvis er vi på veg tilbake til ein meir normal kvardag, seier Marie Aambø, ein av eigarane butikken i Vikegata.

Helsedirektoratet innførte avgrensingar for kliniske tenester, som ordinære synsundersøkingar og helseundersøkingar, 16. mars. Sidan har optikarkjeda halde stengt klinikken for å avgrense spreiing av koronaviruset, men hatt ei svært avgrensa opningstid i butikken.

No har butikken gått tilbake til normal opningstid, også for synsundersøkingar.

– Det vert no jobba med å ringe kundar som fekk avlyst avtalen ved stenginga for å tilby ny time, opplyser Specsavers Ørsta.

Det er innført ei rekke hygienetiltak for å sikre ei trygg og god kundeoppleving.

– Vi er opptatt av at alle skal bli best mogleg varetatt, både på synsprøverommet og i butikken. Derfor vil det vere avgrensingar på antal kundar i butikk og vi nyttar smitteverneutstyr under synsundersøkinga, seier Marie Aambø ved Specsavers Ørsta.

I tillegg vert alt utstyr desinfisert på synsprøverommet og alle innfatningar desinfisert mellom kvar kunde som prøver dei på.