Elevane på Velle fekk møte kvarandre att

- Dette er ein gledeleg dag etter at elevane har vore i eit sosialt vakuum

– No gler vi oss til å starte på skulen att!

Ny skulestart: Stor stas å starte på Velle skule att. Frå venstre Ida Sofie Åmelfot og mora Ragnhild Åmelfot saman med mor og dotter, Gro Osborg Endal og Anna Endal. 

Nyheiter

Andreklassingane Anna Endal og Ida Sofie Åmelfot var både spente og glade då dei måndag endeleg kunne møte opp på Velle skule for undervisning etter vekevis med heimeundervisning via internett. Også foreldra er glade for at elevane frå første til fjerde klasse no får vere på skulen.