Ei annleis 1. mai-feiring

Det vert ei annleis 1. mai-feiring i Ørsta i år. Folkefesten på kulturhuset og samlinga i Ørsta kyrkje er avlyst, men det vert ei markering i Laguneparken.

Laguneparken: Det meste av 1. mai-feiringa er avlyst, men det vert markering i Laguneparken. Her frå eit tidlegare arrangement. 

Nyheiter

Det har vorte ein tradisjon 1. mai å minne ofra frå 22. juli med ei enkel markering i Laguneparken.

Denne markeringa vert også i år.

– I år er det ni år sidan tragedien i regjeringskvartalet og på Utøya. Årleg har LO på Søre Sunnmøre og Ørsta Arbeidarparti markert 1. mai ved minnesmerket. Den 22. juli, dagen vi aldri skal gløyme, der ungdommar på sommarleir vart angripne. Vi tenkjer på alle dei som vart råka, og dei som lever med opplevingane i ettertid, heiter det i ei pressemelding frå Ørsta Arbeidarparti og LO Søre Sunnmøre.

Koronaepidemien har ikkje berre påverka dei ymse arrangementa som vanlegvis vert haldne, men han har også gjeve stengde arbeidsplassar.

– Fleire hundre tusen arbeidstakarar er blitt permitterte og ledige, og dermed mist inntekta si. Små og store bedrifter går ei usikker framtid i møte. Det same gjer reiseliv og alle som bidreg på underhaldningssida. Frivillige lag og organisasjonar er i ventemodus, heiter det frå Ørsta Ap og LO Søre Sunnmøre.

Difor meiner dei at det er viktigare enn nokon gong å markere arbeidarane sin dag.

– Vi erfarer kor verdfullt solidaritet og fellesskap er. Velferdsstaten tek ansvar i tider når vi treng kvarandre, og fellesskapet støttar opp for å sikre arbeid, inntekter og skilnader, heiter det frå 1. mai-arrangørane.

– Helsepersonell saman med reinhaldarar, sjåførar, renovatørar, kjøkkenpersonell, butikktilsette, NAV-personell og mange fleire står på døgnet rundt for å halde hjula i gang. Vi er imponerte over folket som respekterer reglane som storting og regjering har lagt for å hindre smitte. Alle er like mykje verde! Vi skal bruke 1. mai til å minne om det, heiter det.

Arrangørane av markeringa i Laguneparken minner om smittevernreglane. Folk må halde avstand.

– Ver med på å gjere denne dagen til ei fin markering av fellesskap og samhald. Blomepålegginga ved minnesmerket i Laguneparken blir ved Ingvild Aasen, nestleiar i Ørsta Arbeidarparti, og musikantar frå Ørsta Hornmusikk vil spele før og etter seremonien, heiter det frå arrangørane.