Trandal countryfestival er utsett eitt år

Trandal countryfestival er utsett til august 2021.

Trandal Countryfestival er utsett til 2021.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Det melder festivalen sjølv på deira facebooksider. Festivalen skulle ha vorte arrangert 6. til 9. august, men vert flytta til 12. til 15. august 2021.

Avgjerda kjem etter at kulturminister Abid Rajja laurdag varsla festivalforbod for arrangement med over 500 tilskodarar fram til 1. september.

For arrangement med eit publikum på under 500, kjem retningsliner komande torsdag.

Det gjer at Indiefjord-festivalen på Bjørke avventar situasjonen.

Men på deira eiga facebookside heiter det at det truleg vert ei avlysing, då fleire av artistane og publikum kjem frå utlandet, og det er uvisst kva reisereglar som gjeld.

Overfor Møre-Nytt melder Bratt & Blått som arrangerer Trandalblues, at dei vil kome tilbake med informasjon torsdag om kva som skal skje med årets festival. Han er planlagt frå 3. til 5. juli.