Fem nye prøver onsdag

Koronatesting utanfor legesenteret i Ørsta.  Foto: Roy Arne Folkestad

Nyheiter

Ørsta kommune melder at dei to korona-prøvene som vart tekne måndag var negative.



Onsdag er det teke fem nye prøver, og kommunen ventar svar på dei tre prøvene som vart tekne tysdag.

Til og med 22. april er det teke 196 prøver i Ørsta.

Seks har fått påvist korona-smitte.