Ville ha drive in-konsert for ordføraren - fekk nei

Ørsta kommune seier nei. Erfaringane frå drive in-kinoen i påska gjer at det ikkje vert lov til å halde ein drive in-konsert for å feire ordførar Stein Aam.

Drive in: Ørsta Senterparti ynskte å gjennomføre ein drive in-konsert for å feire ordførar Stein Aam sin syttiårsdag. Men erfaringane frå drive in-kinoen i påska (biletet) gjorde at kommunen sa nei, etter å ha rådført seg med politiet og kommuneoverlege.   Foto: Privat

Nyheiter

Det er Ørsta Senterparti som har ynskt å arrangere ein drive-in-konsert i slutten av månaden for å feire at ordførar Stein Aam fyller 70 år.