Lensmannskontoret opnar att

Politistasjonen i Hovdebygda, er igjen ope for publikum, men med avgrensa tilbod.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Møre og Romsdal politidistrikt vil frå i måndag gradvis gjenopne publikumsmottaka i distriktet.

I første omgang opnar politistasjonane i Kristiansund, Molde og Ålesund i tillegg til Volda og Ørsta lensmannskontor, skriv politiet i ei pressemelding.

- Bakgrunnen for at publikumsmottaka vart stengde for fysisk frammøte over heile landet, var sjølvsagt å avgrense smittespreiing av koronaviruset. Men politiet har heile tida vore tilgjengeleg på telefon, seier politiinspektør Marianne Nørgaard Aae som er leiar for Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie i Møre og Romsdal politidistrikt.

Einingsleiaren understrekar at smittevern-tiltaka har eit sterkt fokus også i samband med gjenopninga, til vern for både tilsette og publikum.

Gjenåpninga av publikumsmottaka gjeld i første omgang utferding av pass og avtalar innan opphald- og utlendingssaker samt anmeldelsar som ikkje kan leverast digitalt. Der er viktig å merke seg at det må bestillast time for pass og at det er kun publikum med timeavtale som får bistand i utlendingssaker.

Opphald- og utlendigssaker vert berre behandla i Kristiansund og Ålesund.

- For å kunne etterleve smittevern-tiltaka og hindre spreiing av smitte, er det lagt opp til avgrensa dagleg opningstid og eit redusert timetal for både pass og utlendingssaker. Alle som kan nytte seg av ei anna kontaktform med politiet enn fysisk frammøte vert derfor oppmoda om halde fram med det, seier politiinspektør Marianne Nørgaard Aae.

Alle dei fire publikumsmottaka som skal vere opne frå mandag, har inntil vidare opningstid frå 10.00 til 14.00 kvar dag.