Optimal Helseklinikk har vore stengt siden 13. mars

– Vi gler oss til å kome i gang att, og det skal vere heilt trygt å kome hit

Optimal: Dagleg leiar og kiropraktor Marianne Kriken og dei andre ved Optimal Helseklinikk er glade for at dei kan opne dørene att, og lovar at smittevernet er godt vareteke.   Foto: Fotograf Ma Ortiz

Vi tek smitteverntiltaka seriøst, det er trygt å kome til oss

Marianne Kriken
Nyheiter

Sidan 13. mars har dagleg leiar ved Optimal Helseklinikk, Marianne Kriken, måtte halde stengt grunna korona-pandemien, og tre kiropraktorar, ein fysioterapeut, ein massør og ein teamleiar har ikkje fått praktisere av omsyn til smittevern. Men dei seks tilsette har ikkje ligge på latsida av den grunn. Heile perioden har klinikken hatt eit gratis online tilbod med fysioterapeut, yoga og pilates som har vorte eit svært populært avbrekk i kvardagen for både dei tilsette og dei mange som har følgt med heime frå si eiga stove.