Stabilt for koronapasient

Volda sjukehus har framleis berre ein korona-pasient. Som er i betring.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Laurdag er det framleis seks koronapasientar som er innlagt ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal. Ein pasient er innlagt på kohortavdelinga ved Volda sjukehus og Helse Møre og Romsdal melder at pasienten er stabil. Den same statusen har ein pasient ved Ålesund sjukehus.

To koronapasientar er innlagt ved Molde sjukehus.

– Begge pasientane er stabile. Ein av pasientane blei flytta frå intensivavdelinga til korhortavdelinga fredag kveld 17. april.

Ved Kristiansund sjukehus er det også to koronapasientar.

– Begge pasientane får intensivbehandling og er stabile.