Har tapt over ein million kroner

Styreleiar Erlend Andersen og Ørsta IL har rapportert inn eit inntektstap på over 1,1 millionar kroner i samband med koronakrisa.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Nyheiter

Ørsta Idrettslag vart hardt råka av koronakrisa. Kiwi cup som fotballgruppa skulle arrangere saman med Volda TI fotball var eit av dei første arrangementa som vart avlyst. Seinare har konsert med Vassendgutane i Ørstahallen, handballcup og fleire arrangement knytt til 17. mai-feiringa blitt avlyst.