Han vil kaste Tussa-styret

Varaordførar Sverre Leivdal (Ap) i Volda trugar med å kaste styret i Tussa Kraft AS. Det må skje om ikkje styret gjer retrett i saka om utbyte frå selskapet.

Kritisk: Varaordførar Sverre Leivdal i Volda meiner Tussa-styret må kastast viss dei framleis står på at eigarane ikkje skal ha utbyte. 

Nyheiter

Det var før påske det vart kjent at styret i Tussa Kraft AS rår generalforsamlinga til ikkje å betale ut utbyte for 2019. Det sjølv om Tussa hadde eit godt 2019-resultat med ein pluss på over 90 millionar kroner.