Tre veker sidan førre testa positivt

Ingen fleire med påvist smitte i Ørsta.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder torsdag morgon at det framleis er seks som har fått påvist korona-smitte i Ørsta.



Ein har fått svar på fire av ni prøver denne veka, og alle desse er negative. Fem av prøvesvara ventar kommunen framleis på.

Dermed er det tre veker sidan sist nokon testa positivt på korona-viruset i Ørsta og Volda.