Tre i fylket er innlagde med korona

Helse Møre og Romsdal melder torsdag at tre personar er innlagde ved sjukehusa i fylket, som følge av korona-viruset.

Molde sjukehus.  Foto: Helse Møre og Romsdal

Nyheiter

Ved Molde sjukehus er to pasientar til intensivbehandling. Tilstanden til pasientane er alvorleg, men stabil.

Ved Kristiansund sjukehus er ein pasient innlagd. Tilstanden til pasienten skal vere god.

Sjukehusa i Volda og i Ålesund har korona-pasientar, torsdag.