Volda formannskap var samrøystes

Gjev vide fullmakter til kriseleiinga

Frå Volda formannskap sitt møte torsdag, der dei fleste representantane deltok via data og kamera heimanfrå.  Foto: Volda kommune

Nyheiter

Eit samrøystes Volda formannskap gav torsdag ettermiddag vide fullmakter – også økonomisk – til kriseleiinga i kommunen. Dette for på kort varsel å kunne setje inn naudsynte tiltak etter kvart som epidemien eskalerer.

Ingen veit førebels korleis epidemien vil spreie seg her i distriktet, og formannskapet gjev kriseleiinga høve til å bruke av kommunen sitt disposisjonsfond for å møte utfordringane.

Kommunedirektør Rune Sjurgard:

- Situasjonen er veldig uoversiktleg, både når det gjeld korleis epidemien vil slå ut og når det gjeld økonomi, - både for familiane, kommunane, landet, ja, heile verda. Vi veit heller ikkje kor langt regjeringa sine krisepakkar rekk, sa kommunedirektør Rune Sjurgard, som understreka at liv og helse kjem først.

- Og dermed må vi vere i forkant, og bruke pengar som vi ikkje er sikre på om vi hadde trengt å bruke. Eit døme er Nilletun ved Mork-senteret, som vi rustar opp for å kunne takast i bruk som supplerande korona-sjukehus og isolat, sa kommunedirektør Sjurgard.

Volda sjukehus har sett av inntil 22 senger på medisinsk avdeling til korona-pasientar. Nilletun er tenkt som supplerande korona-sjukehus, eller eventuelt isolat for koronapasientar etter sjukehusinnlegging.

Ørsta/Volda har no 900 permitterte på grunn av epidemien, og det blir truleg fleire. Noko som også vil seie store utfordringar for kommunane.

Kriseleiinga skal jamnleg rapportere til formannskapet korleis pengane frå disposisjonsfondet vert brukt.

Volda kommune innfører også fastlønn til fastlegane, som jo i normale tider får mesteparten av inntektene sine som sjølvstendig næringsdrivande. No må dei bruke mykje av arbeidstida si på korona-epidemien.

Ordninga med kommunal fastlønn er midlertidig, og kan seiast opp med ein frist på fem virkedagar.