900 permitterte i Ørsta og Volda

– Det blir truleg endå fleire

Nav: Ikkje så mykje synleg aktivitet hos NAV Ørsta og Volda, men det vert jobba på høgtrykk. Foto: Rune Sæbønes 

Nyheiter

Torsdag morgon var det registrert 484 søknader om permitteringar frå arbeidstakarar i Ørsta. I Volda var det 400. I Ørsta utgjer dette 8,5 prosent av arbeidsstyrken, og alt har kome på to veker.