Ny korona-smitta i Ørsta

Nok ein ørsting har fått påvist korona-smitte.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Onsdag melder Ørsta kommune at nok ein person har testa positivt på korona-viruset. Dermed er det fem personar som har fått påvist koronasmitte i Ørsta.

Personen vart testa i Ørsta måndag. Dei fem andre som vart testa same dag, er ikkje smitta av korona-viruset.



Det føreligg ikkje prøvesvar på dei 5 prøvene frå tysdag.

- Situasjonen knytt til den positive prøva er kartlagt og spora, og kommuneoverlegen meiner at vi har rimeleg bra kontroll over situasjonen. Det dreier seg om innanlandssmitte, og vedkomande er nærkontakt til eit tilfelle utanfor Ørsta som vi vart varsla om fredag kveld. Vedkomande har halde seg heime i fleire dagar før vi fekk dette varselet og vart rutinemessig pålagt heimeisolasjon, skriv Ørsta kommune på si heimeside.