Ingen fleire påvist smitta i Volda

Dei held god avstand i formannskapssalen i Volda.  Foto: Volda kommune

Nyheiter

Det er framleis tre personar med påvist korona-smitte i Volda. 150 har vore testa, og fjorten ventar på svar.

- Vi har mørketal, som verken vi i Volda eller i andre kommunar i landet har nokon sjanse til å anslå. Men det vi veit, er at desse mørketala kan haldast nokolunde i sjakk om folk tek situasjonen på det største alvor, er nøye med hygienen, held avstand til kvarandre, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.

Regjeringa vidareførte i går dei strenge restriksjonen i landet fram til 13. april, noko som betyr at alle barnehagar, skular og høgskular held stengt, og ei heil rekkje andre strenge restriksjonar.

- For Volda betyr det inga endring i rutinane, sidan vi allereie følgjer dei statlege pålegga. Ti barn er fysisk til stades i skular og barnehagar, og elles går heimeundervisninga etter planen. Drifta på legesenteret og på institusjonar går også greitt.

Ordførar Sølvi Dimmen og kommunedirektør Rune Sjurgard understreka kor viktig det er at folk ikkje byrjar å «slappe av» og lempe på krava når det gjeld avstand, hygiene og så vidare.

- Dette viruset er uhyre aggressivt, og difor må folk følgje retingslinjene.

Om lag halvparten av dei bedriftene i Volda har måtta permittere tilsette på grunn av epidemien, og særleg tøft er det for dei mindre bedriftene. Per onsdag har 280 voldingar søkt om dagpengar.

Lokal informasjonstelefon. Har du spørsmål om korona kan du ringje kommunen sin informasjonstelefon på nr 970 11 773 - Ope 11.00-15.00 kvardagar – og betjent av helsepersonell. Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset: 815 55 015