Fekk bot for brot på karantenereglane

Nyheiter

Ein person i Møre og Romsdal har fått 20.000 kroner i bot for brot på Smittevernlova som gjeld karantene i samband med korona-pandemien.

Det melder Møre og Romsdal politidistrikt i ei melding.

- Personen braut pålagt 14 dagers heimekarantene, skriv dei på Twitter.

I ei pressemelding utdjupar politiet: - Vedkomande er tilsett i helse- og omsorgstenesta i ein kommune i politidistriktet, og hadde i perioden 10.-12. mars vore i kontakt med ein stadfesta smitta person, og vart av arbeidsgjevar ilagt 14 dagar karantene. Dette pålegget braut vedkomane ved å gå på fest i eit nabohus natt til 21. mars. Vedkomane skal ikkje ha vore på arbeid i perioden etter pålagt karantene. Brotet på smittevernlova skjedde i privat samanheng.

Personen skal sjølv ha varsla arbeidsgjevar om hendinga.

Heimekarantene gjeld for dei som ikkje har symptom på korona-smitte, men som har hatt nær kontakt med eit stadfesta tilfelle, eller som har vore i utlandet i løpet av dei siste 14 dagane.