Vanylvsordføraren om Volda og Ørsta sine «opne grenser»

- Kan auke utbreiinga av smitten i regionen

Lena Landsverk Sande er ordførar i Vanylven, som innførte svært strenge karantenereglar over ei veke før Fylkesmannen si oppmoding til resten av kommunane i Møre og Romsdal.  Foto: Arkiv: Knut Arne Aarset, Sunnmmørsposten

Nyheiter

- Eg skal ikkje blande meg inn i kva krisetiltak nabokommunane meiner er dei beste, men fryktar at Volda og Ørsta aukar smittefaren i distriktet når dei ikkje vil innføre karantene for personar frå Vestland og fylka på Austlandet og Sørlandet.

Det seier Lena Landsverk Sande (V), som er ordførar i Vanylven kommune. Ho siktar til at det måndag morgon vart kjent at verken Ørsta eller Volda kommunar vil rette seg etter Fylkesmannen, som oppmodar alle kommunane i fylket om å innføre 14 dagars karantene til alle reisande frå Vestland fylke, og Austlandet og Sørlandet.



Vanylven og Sande kommunar innførte slike reglar 15. mars, altså allereie for over ei veke sidan.

- Det vil seie – Sande er litt strengare enn oss. Vanylven har eit så tett samband med gamle Sogn og Fjordane at karantenereglande ikkje gjeld for det området. Og vi har fått aksept frå Fylkesmannen for eit slikt opplegg, seier Landsverk Sande.

- Med opne grenser til Ørsta/Volda for heile landet – kan det bli aktuelt å innføre karantene for personar som kjem frå Ørsta/Volda til Vanylven?

- Ikkje så lenge smittetala er som no.

Seier Landsverk Sande, som elles registrerer at ein del ungdommar samlar seg framleis - både innad og på tvers av kommunegrensene.

- Eg håper foreldra i alle kommunar tek seg ein prat med ungdommane og let dei forstå alvoret i situasjonen.