Prøveresultata klare

Ingen av dei 87 ørstingane som vart testa sist veke er korona-smitta

Koronatesting i Ørsta, mars 2020.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- Eg kom akkurat ut frå møte i kriseleiinga i Ørsta, og er glad for å kunne fortelje at ingen av dei 87 som vart korona-testa i Ørsta i førre veke er smitta, fortel ordførar Stein Aam.

- Heldigvis: Ingen av dei 87 som vart korona-testa i Ørsta frå måndag til fredag førre veke er smitta av korona, seier ordførar Stein Aam.  Foto: Arkiv

Dermed er det framleis berre fire i Ørsta kommune som er stadfesta korona-smitta, og alle dei fire testa positivt etter å ha vore på ferie i Austerrike.

Ordføraren understrekar at det sjølvsagt er svært tidleg i epidemien framleis, men han håper at dette kan vere eit teikn på at dei lokale tiltaka og at folk held seg unna kvarandre har effekt.

- Ja, vi kan i alle fall håpe det, og glede oss over at ingen av dei 87 som vart testa i førre veke er korona-smitta. Mitt inntrykk er at folk er svært flinke til å prøve å avgrense smitta. Dei reduserer kontakten med andre til eit minimum, held avstand, og er nøye med hygienen. Det fortener alle ros for, seier ordføraren.

Mørketal

Kommuneoverlegen understrekar at vi likevel må gå ut i frå at det er mørketal i smitta, og halde fram med tiltaka som er sett. Det finnast truleg smitte i lokalsamfunnet som vi ikkje veit om. Som samfunn må vi difor halde fram med å følge nasjonale tiltak og halde oss mest mogleg for oss sjølve og unngå kontakt med andre. Vi oppfordrar også om at berre ein husstandsmedlem går på butikken, og at vedkomande vaskar seg godt på hender både før og etter butikkbesøket.