Ulik praksis på Søre Sunnmøre

Herøy skjerpar reisereglane

Panorama-utsikt over Herøy mot Ulsteinvik.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Herøy skjerpa måndag sine reglar for karantene knytt til reising, slik fylkesmannen oppmoda til. Det betyr som hovudregel: «Heimekarantene på 14 dagar skal gjelde personar som kjem til Herøy kommune frå fylka; Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland.»

Dermed er det annleis praktisering enn i Ørsta og Volda, som har opne grenser mot Nordfjord.



– Er det karanteneutløysande om folk frå Ørsta-Volda kjem til Herøy og omvendt ?

– Nei, det gjeld berre for dei som har kryssa fylkesgrensa til Vestland, svarer kommunedirektør i Herøy Olaus Jon Kopperstad.

– Sjølv med opa grense mellom Ørsta-Volda og Nordfjord?

–Ja, slik er det. Vedtaket vårt gjeld til fredag og vi vil då gjere ei ny vurdering.

– Og det kan bety at Herøy gjer som Ørsta-Volda?

– Vi må vurdere nytte opp mot verknad, og det er altså ulike råd frå fylkesmannen og sentrale styresmakter. Vi merkar konsekvensane. Til dømes byggjer vi ein fleirbrukshall i Herøy, der det er ein underentreprenør frå Eid. Deira folk må i karantene om dei kjem hit.


Vanylvsordføraren om Volda og Ørsta sine «opne grenser»

- Kan auke utbreiinga av smitten i regionen


I Ulstein kom sterk oppmoding frå næringslivet om å gjere som Ørsta og Volda, og det skal Ulstein kommune ta stilling til måndag ettermiddag.