– Vi har arbeidd saman på tvers av partigrenser på ein måte ingen har sett tidlegare

– Det er vanvitig det som skjer no. Vi har vedteke det strengaste regimet i Noreg nokon gong i fredstid. Korleis det norske folk har reagert, vil stå igjen som imponerande for ettertida.

Krisetid: Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal har arbeidd intenst med krisepakkane dei siste vekene.  Foto: Arbeidarpartiet

Nyheiter

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta har hatt nokre uverkelege veker på Stortinget i Oslo. Som medlem i Finanskomiteen har han vore i sentrum for det arbeidet som har vorte gjort frå styresmaktene si side i samband med korona-krisa.