Folkehøgskulen har stengt dørene, men har nettundervisning

– Vi håper i det lengste at dette ikkje blir ein langvarig situasjon

Stengde dører: Møre Folkehøgskule stengde dørene sine for undervisning fredag 13. mars. No gir dei elevane undervisning gjennom internett.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Møre Folkehøgskule stengde dørene sine fredag 13. mars og alle elevar vart sendt heim. Stenginga varar formelt fram til 26. mars.

– Vi ventar på nye meldingar frå regjeringa om ev. vidareføring av stenginga. To planlagde turar til Japan har blitt avlyst, og den siste klassa som var på tur, returnerte frå Taiwan sist fredag. Alle elevar og lærarar som var med på denne turen skal vere i karantene i to veker, seier rektor Einar Opsvik.

Rektor: Einar Opsvik er rektor på Møre Folkehøgskule.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Sjølv om dørene er stengde for undervisning er ikkje skuledrifta avslutta. Alle lærarar har heimekontor og det blir gjennomført nettundervisning.

– Alle elevar har direkte kontakt med sin lærer og alle klasser har felles facebookgrupper og Zoom-grupper der ein kommuniserer omkring undervisning, oppgåver og tilbakemeldingar. Skulen har direktesende daglege morgonsamlingar for alle elevar, og daglege digitale lærarmøte. Dei som er fysisk til stades på arbeidsplassen arbeider individuelt og med god fysisk avstand.

Møre Folkehøgskule har liner som til vanleg er mykje utandørs og i fysisk aktivitet. Med nettundervisning blir kreative løysingar for å gje elevane eit så godt tilbod som råd.

– Folk skal ikkje vere så mykje ut og skal ikkje samlast i grupper. Det er ei utfordring. Elevar har fått treningsopplegg tilsendt. Sist veke fekk dei i oppgåve å gå ut og lage seg mat på bål. Laurdag gjennomførte vi ei skritteljingskonkurranse. Dei skulle ikkje gå på høgfjellet, men halde i området der dei bur.

Folkehøgskuleelevane betalar skulepengar. Det vert vurdert om elevane skal skulepengar refundert sidan skuleåret vert litt amputert.

– Vi har eit sentralt organ i Folkehøgskulerådet (FHRS). Dei har kontakt inn mot dei sentrale statlege organa. FHRS gjer vurderingar om skulepengar. Det FHRS går inn for folkehøgskule følgje.

Skulen har også oppretta ein krisestab som vurderer situasjonen frå dag til dag, og arbeider for å ta vare på rettar og arbeidstilhøve både for tilsette og elevar.

– Skulen følgjer dei retningslinjer i forhold til smitteverntiltak slik det er presentert frå Folkehelseinstituttet. Frå FHSR, som er skulane sitt sentrale organ, får skulen oppdateringar og rundskriv som legg føringar for korleis alle folkehøgskular skal handtere situasjonen slik at alle skular og elevar blir handsama på same måte.

Møre Folkehøgskule har fleire tilsette som ikkje arbeider direkte med undervisning. Førebels er det ikkje aktuelt med permitteringar ifølgje Opsvik.

– Dette fordi at situasjonen er usikker. Vi prøver å halde alle i aktivitet. Dei som ikkje er lærarar har oppgåver der dei ikkje arbeider i lag med andre.

Opsvik har håp om at folkehøgskulen skal få ei god avslutning på skuleåret.

– Det er ein krevjande og usikker situasjon for både tilsette og elevar. Vi håper i det lengste at dette ikkje blir ein langvarig situasjon, og at skulen kan få elevar tilbake og kan gjennomføre ei god avslutning på skuleåret.